Du er her

Å sjå og høyre buddhisme: Kunst, musikk og religion

Frå mellomalderske buddhastatuar til moderne tatoveringar, frå resitasjon av mantra til songar ved feiringa av Buddha sin fødselsdag. Dei buddhistiske kunst- og musikktradisjonane er mangfaldige. Foredraget gjev eit oversyn over sentrale estetiske uttrykk i eit utval buddhistiske kulturelle kontekstar, både historiske og notidige. Dessutan gjev det nokre døme på dei interessante debattane om kunst og musikk blant buddhistar i dag.

Håkan Rydving, professor i religionsvitenskap, Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap

Sydneshaugen, Auditorium D, 12.15 - 13.00

Foreleser(e): 
Håkan Rydving