Du er her

400 år på 40 minutt: Litteratur på samisk frå 1619 til i dag

Dei to første bøkene på samisk blei publiserte allereie i 1619. Dei var religiøse skrifter og lenge var all litteratur på samisk omsetjingar av bibeltekstar, salmar, preiker, lærebøker, osb. Sidan fleire av omsetjarane var samar, er desse tidlege skriftene på samisk veldig interessante som språklege dokument. Dei lærer oss ein heil del om korleis samisk i ulike område blei talt på 1600- og 1700-talet. Dei første dikta på eit nordisk språk som blei internasjonalt kjent og omsett til andre språk var to samiske dikt som første gong blei publiserte i 1673. På 1900-talet blei dei samiske publikasjonane fleire og dei seinaste tiåra har den samiske litteraturen opplevd ei revolusjonerande utvikling. Foredraget presenterer ei kort oversikt over historia til den samiske litteraturen, både skjønnlitteratur, vitskapleg litteratur og andre sjangrar.

Håkan Rydving, professor i religionsvitenskap, Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap

Sydneshaugen, Auditorium D, 09.15 - 10.00

 

Foreleser(e): 
Håkan Rydving