Du er her

Elevar som forskarar i talemål

Det er i dag vanleg med stor variasjon i talemålet på ein stad, men korleis kan elevane få tilgang til den store variasjonen som finst? Med utgangspunkt i eit utval språkprøver som er gjorde tilgjengelege i ein nettbasert digital dialektbase med 101 personar frå bygdebyen Sogndal, vil eg i dette innlegget visa korleis elevar primært på vidaregåande kan få trening i å tenkja som forskarar innafor feltet sosiolingvistikk. Her vil dei kunna sjå nærare på språklege trekk i høve til ulike sosiale bakgrunnsvariablar som t.d. kjønn, alder og foreldrebakgrunn. Materialet gjev høve til å studera og reflektera over "forhold som kan påvirke utviklingen av talemål" (jf. komp. mål etter vg1) eller bruka som utg. pkt, for arbeid med ei fordjupingsoppgåve på vg3.

Ragnhild Lie Anderson, førsteamanuensis i nordisk fagdidaktikk/språk, Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

HF-bygget, Seminarrom 400, 09.15 - 10.00

Foreleser(e): 
Ragnhild Lie Anderson