Du er her

Kartell og whistleblowing - i kor stor grad skal styresmaktene tillate amnesti?

Kartellaktivitet utgjer alvorleg økonomisk kriminalitet, og kostar samfunnet dyrt. For styresmaktene er det ofte vanskeleg å avdekke denne typen ulovleg verksemd, og meir tradisjonelle etterforskingsmetodar slik som overvaking, etterretning og trugsel om straff har difor vore rekna som utilstrekkelege verktøy i kampen mot kartell. I staden for «å jage» etter forbrytaren slik som ein ofte ser føre seg, har difor styresmaktene opna opp for å samarbeide med kartelldeltakarane. Dette samarbeidet går ut på at forbrytaren kan sleppe straff dersom han tystar til styresmaktene om kartellet og samarbeider med styresmaktene i etterforskinga. I ytterste konsekvens inneber dette at ein forbrytar som har delteke i alvorleg økonomisk kriminalitet går fri. Innanfor konkurranseretten kallast dette lemping. Men kor langt bør ein tillate lemping i kampen mot kartell utan å undergrave grunnleggjande rettsprinsipp? Temaet for dette føredraget er handheving av kartellaktivitet i EU-konkurranseretten, og nærare bestemt utforminga av Europakommisjonen sitt lempingsprogram

Ingrid Margrethe Halvorsen Barlund, universitetslektor, Det juridiske fakultet

Jusbygget, Seminarrom 2, 12.15 - 13.00

Foreleser(e): 
Ingrid Margrethe Halvorsen Barlund