Du er her

Politisk litteratur: "Eg er ikkje din neger!": Rasisme, sjølvhevding og lesarens funksjon i Jakob Ejersbos "Afrika-trilogi"

Dette foredraget handlar om rasisme som motiv og tema i den danske forfattaren Jakob Ejersbo sitt trebindsverk: Eksil, Revolution og Liberty (2009). Eg tek utgangspunkt i to førstepersonsforteljarar, grønlandske Sofie og tanzanianske Marcus, som begge vert utsett for rasisme og marginalisering. Særskilt legg eg vekt på den politiske karakteren bøkene får når dei to litterære personane på ulike vis responderer på rasismen ved å hevde seg og sin autonomi. Eg vil også vise korleis trilogien gir lesaren moglegheit til å ta del i ein anerkjenningsprosess av Sofie og Marcus. Foredraget kan vere særskilt interessant i høve arbeid med litteratur og danning i klasserommet.

Maria Vårdal Haugland, universitetslektor, nordisk språk og litteratur, Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier

Sydneshaugen, Auditorium B, 11.15 - 12.00

Foreleser(e): 
Maria Vårdal Haugland