Du er her

Proteinfalding og nevrodegenerative sjukdommar

Korleis falding av protein føregår er ein komplisert prosess og den er berre delvis kjent. Det er avhengig av miljøet proteinet er i, konsentrasjonen av proteinet og korleis det interakterer med andre protein. Sjølvsagt er aminosyresekvensen til proteinet viktig . Nevrodegenerative sjukdommar er m.a. Alzheimer, Parkinson, Huntingtons, prionsjukdommar og visse former for demens. Det er vist at ved mange nevrodegenerative sjukdommar er det avleiring av såkalla amyloide strukturar i nervesystemet og desse skuldas truleg alternative strukturar til bestemte protein. I førelesinga vil proteinfalding og metodar for å studera dette drøfta og det vil bli gitt døme på amyloide strukturar ved nokre av dei ulike sjukdomane. Oftast er dette sjukdommar som utviklas i heller høg alder (som ”emeritussar”).

Dag Emil Helland, professor emeritus, Institutt for biovitenskap

Jusbygget, Auditorium 4, 11.15 - 12.00

 

Foreleser(e): 
Dag Emil Helland