Du er her

Religion i reklame

I reklame kan ein av og til sjå religiøse motiv. Ein statue av Buddha kan gjere reklame for ein restaurant og eit bilete av Moses for ein koscher vodka. I reklamefilmar kan ein få høyre nokre takter av Mozart i ein lotterireklame og byrjinga av den islamske bønekallinga kan ha blitt valt for å få oss til å kjøpe noko alkoholfritt å drikke. I blant blir religion brukt med omhug i annonsar, anten som noko positivt eller som døme på noko som er kritikkverdig, i blant kan dei som har gjort reklamen ikkje ha innsett kva for religiøse samanhengar eit bilete eller eit musikkstykke er henta frå. I blant blir dei religiøse motiva applaudert, i blant blir det høglydte protestar. Foredraget gir eit oversyn over nokre tema og problemstillingar innanfor eit interessant og veksande forskingsfelt.

Håkan Rydving, professor i religionsvitenskap, Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap

Sydneshaugen, Auditorium D, 13.15 - 14.00

Foreleser(e): 
Håkan Rydving