Du er her

Språklæring hos barn i ulike språklæringssituasjonar

Barn veks opp i ulike språklæringssituasjonar og det er ein klar samanheng mellom barns erfaring med språk dei første åra og språkleg kompetanse seinare i livet. Det språklege erfaringsgrunnlaget i barnehagealder er til dømes av stor betyding for utvikling av lesing og skriving og av akademiske ferdigheiter.

Dei fleste barn i Noreg lærer eitt språk, norsk, fram til dei møter engelsk i 1. klasse. I Noreg har ein aukande andel barn eit ganske anna erfaringsgrunnlag med språk. Dei har erfaring med at ulike personar snakkar på ulike språk, og at ulike språk blir nytta i ulike situasjonar. I tillegg finst det mange barn som møter meir enn eitt språk frå fødselen av, og som lærer (mist) to språk samstundes, og der gjerne norsk er eitt av desse. Basert på slike ulikskapar i språklæringssituasjonen skil me mellom einspråkleg og fleirspråkleg førstespråksutvikling og  andrespråksutvikling.

Sentrale fokus i dette innlegget vil vera 1) typiske trekk ved desse ulike språklæringstypane, 2) om og korleis språkutviklinga til fleirspråklege barn er ulik utviklinga hos einspråklege barn, og 3) kva for konsekvensar språkleg erfaringsgrunnlag dei første åra har for utviklinga av språklege og akademiske ferdigheiter seinare i livet.

Ann-Kristin Helland Gujord, førsteamanuensis i norsk som andrespråk, Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier

Sydneshaugen, Auditorium A, 09.15 - 10.00

Foreleser(e): 
Ann-Kristin Helland Gujord