Du er her

Fagfornyinga - kjerneelement i norskfaget: Kjerneelementa språket som system og moglegheit og språkleg mangfald

Innlegget handlar om korleis den norske toskrift-situasjonen med nynorsk og bokmål kan brukast til å kaste lys over kjerneelementa språket som system og moglegheit og språkleg mangfald.

Utgangspunktet er at unge nynorskbrukarar i langt større grad enn bokmålsbrukarar er tospråklege i skrift: Dei vekslar mellom nynorsk, bokmål og dialektprega når dei skriv. Innlegget vil på bakgrunn av heilt nye studiar først vise når og korleis ungdomar driv med språkveksling. Språkvekslinga ser ut til å vere tydeleg knytt til forventingar hos ungdomane om tekstnormer og mottakarar i ulike situasjonar. Det indikerer at språk- og sjangernormer er viktigare enn personleg identitet.

Innlegget vil på bakgrunn av resultata som blir lagde fram formulere tre implikasjonar. Den eine handlar om at språk- og tekstnormer må forståast som situasjonsavhengige. Den andre handlar om den språk- og tekstkompetansen som ungdomane tydelegvis har, og korleis den kan utnyttast og utfordrast. Den tredje handlar om korleis språkvekslinga kan vere problematisk for det å vere nynorskbrukar, og at det å fremje språkleg mangfald i skulen inneber å aldri handsame elevar likt.

Professor Endre Brunstad, Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier

Foreleser(e): 
Endre Brunstad
Sydneshaugen skole, Auditorium A (105)