Du er her

Fagfornyinga - kjerneelement i norskfaget: Kjerneelementa språkleg mangfald og språket som system og moglegheit

Korleis kan me arbeida med desse kjerneelementa i norskfaget? Førelesinga vil gjennom den nylaga digitale nettressursen Dialektbasen for Sogndal,  som er ei samling av lydopptak og transkripsjonar av 135 stemmer frå Sogndal, visa korleis elevar sjølve kan arbeida som språkforskarar i eit sosiolingvistisk dialektlandskap. Seks markerte språklege variablar kan her koplast opp mot bakgrunnsvariablar som alder, kjønn, område, opptakstidspunkt, yrke, utdanning, type informant og foreldrebakgrunn. Det vil bli vist korleis elevane sjølve kan laga seg forskingsspørsmål som er knytte til språk og kultur og som dei deretter kan gå aktivt inn og undersøkja nærare.

https://dialektbase-sogndal.uib.no

Førsteamanuensis Ragnhild Lie Anderson, Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier

Foreleser(e): 
Ragnhild Lie Anderson
Sydneshaugen skole, Auditorium A (105)