Du er her

Kor kjem grammatikken vår frå?

Mange ser på grammatikk som den tørraste teori. Og det er saktens mogleg å gjere grammatikken tørr dersom ein tømmer han for betydning og for funksjonar i språkleg samhandling og språkleg tolking av verda rundt oss og i oss. Eitt av dei mest spennande forskingsfelta i språkvitskapen i dag er studiet av korleis ny grammatikk veks fram historisk: grammatikalisering. I dette føredraget skal vi sjå på ein del nye innsikter i korleis dette føregår i språk generelt og i moderne norsk spesielt. Vi skal sjå at ein hovudmekanisme er metaforisk tenking. Fagspråkleg formulert vil føredraget handle om kognitive motivasjonar bak grammatikalisering.

Professor Torodd Kinn, Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier

Foreleser(e): 
Torodd Kinn
Sydneshaugen skole, Auditorium E (209)