Du er her

Kvifor lærer nokon andrespråket betre enn andre?

Det er eit kjent faktum at det er stor skilnad på kor fort og godt unge og vaksne lærer nye språk. Medan nokre på kort tid oppnår eit avansert nivå i norsk, kan andre igjen koma mykje kortare på langt lenger tid. Kva er årsakene til at språklæringa går raskare for nokon, medan andre stagnerer i utviklinga?

Dette spørsmålet vil eg diskutera basert på funn i to ulike samarbeidsprosjekt, og som begge har til felles at dei kan avdekkja faktorar som bidreg til å forklara kvifor vaksne norskinnlærarar oppnår ulikt nivå i norsk. I det eine prosjektet (i lag med Edit Bugge og Cecilie Hamnes Carlsen) er informantgruppa over 10 000 vaksne som har bestått alle eller somme av delprøvane i ein offisiell prøve i norsk for vaksne innvandrarar. Informantgruppa i det andre prosjektet (i lag med Else Berit Molde, Anna-Marie Kjøde Olsen og Ilka Wunderlich) er ei heilt anna gruppe vaksne andrespråksinnlærarar: Over 1 700 internasjonalt tilsette på i norsk akademia. I innlegget vil eg presentera og samanlikna funn frå desse studiane. Med det som utgangspunkt vil eg forsøka å svara på kvifor nokon lærer andrespråket betre enn andre.

Ann-Kristin Helland Gujord, førsteamanuensis i norsk som andrespråk, Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier

Foreleser(e): 
Ann-Kristin Helland Gujord
Sydneshaugen skole, Auditorium B