Du er her

Magnus Lagabøtes landslov gjennom 400 år: bøker og brukarar

I 1274 la kong Magnus Lagabøte fram ei ny lovbok som skulle gjelda i heile Noreg. Denne lova, som me kjenner som "landslova", var gjeldande rett heilt fram til 1600-talet, og er difor ein viktig faktor i utviklinga av den norske rettskulturen.

Landslova er overlevert i over 200 bøker og fragment, noko som tyder på stor utbreiing og bruk. Førelesinga vil ta føre seg historia til lova og bøkene ho er overlevert i, inkludert dei mange omsetjingane til dansk frå 1500-talet. Universitetsbiblioteket eig to handskrift med slike omsetjingar, i tillegg til ei avskrift frå 1700-talet. Saman med andre lovhandskrift utgjer dei unike kjelder til norsk historie.

Postdoktor Synnøve M. Myking, Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier

Foreleser(e): 
Synnøve M. Myking
Universitetsbibliotekets Spesialsamlinger