Du er her

Vikingtidas begynnelse i vest

I løpet av vikingtid var nordlege delar av Skandinavia ei kjelde for ettertrakta handelsvarer i England og på kontinentet, t.d. pels, dun og kvalrosstenner. Dei tidlegaste bevisa på denne handelen var lenge fortellinga frå handelsmannen Ottar frå Hålogaland frå ca. 890. No har nyare forsking greidd å skubbe handelsaktivitetane lengre tilbake i tid. Arkeologiske og geologiske undersøkingar av bryner i vikingtidsbyen Ribe i Danmark viser at desse kom frå Trøndelag allereie tidleg på 700-talet. Brynesteinane gir oss eit nytt bilete på langdistansehandel frå nordlege delar av Skandinavia i vikingtid. Skip og last måtte beskyttast. Det var viktig å sørge for trygge handelsruter. Dette kan igjen gi oss eit svar på kvifor vikingane begynte med plyndringstoktene vestover.

Foreleser(e): 
Irene Baug
Sjøfartsmuseet, Auditoriet